I dag starta byggvaremessa «Bygg Reis Deg 2017» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Dette er ei kjempesatsing for heile byggevarebransjen som blir mønstra her – For Talgø er også dette den største satsing gjennom året, og marketingsjef Heid Snekvik rapporterer om skikkeleg respons på produkta dei stiller ut – «det er artig å vise fram nyheitene vi har og få så god tilbakemelding frå dei store aktørane».
Spesielt har den nye 3D-modulen vår vekt stor oppmerksomhet. Det er store aktørar som har vist stor interesse for både for den og for andre ting vi viser. – Vi er store optimistar med tanke på fleire av dei nye produkta vi viser her på messa og har fått veldig god tilbakemelding på messestanden.
Dei første dagane er messa opa for bransjefolk som besøker messa i embets medfør, men til helga blir det ope også for publikum som er interessert i å sjå kva som rører seg i byggebransjen.
Nedafor har vi eit bildegalleri frå Bygg Reis Deg 2017 – Foto: Heid Snekvik og Bjørn Sætherbø.