Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygg reis deg 2019 – tidenes største byggmesse

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2019

Bygg Reis Deg 2019 starta i dag kl 10 på Lillestrøm.  Sia 1950-talet er dette byggmesse nr 28, og aldri har vel satsinga vore større enn i år. BRD 2019 reknar med over 40.000 besøkande dei 4 dagane messa varer.  Av lokale utstillarar så er Talgø på plass med to stander – ein for Talgø MøreTre og ein frå Talgø Bygg og KIAS Døren (Kvanne Industrier) som har fått eit godt fotfeste med sine spesialdører. 

KIAS dører – Kvanne Industrier – på plass på Bygg Reis Deg på Lillestrøm Foto: KIAS

BRD er ei fagmesse, der utstillarane eksponerer seg mot byggvarebransjen med produkt og informasjon for å ta i mot morgondagens utfordingar. Til saman er det 528 utstillarar frå 19 land som er på plass i dei 4 utstillingshallane på Lillestrøm

 Nominert til Byggenæringens innovasjonspris 2019
I samband med Bygg reis deg 2019 er  Talgø MøreTre sammen med 3 andre kandidatar nominert til Byggenæringens innovasjonspris 2019 som skal delast ut under BRD. Det er Concise Collection med sine nyutvikla treprofiler for kledning, terrasser, tretak samt lekter for staffasje som ligg til grunn for nominasjon.  Det er sjølvsagt stor spenning i «Talgøleiren» i påvente av offentliggjøringa av juryens dom.   I samband med nominasjonen er det laga ein infovideo om Talgø – klikk deg til starten på den her 

Mykje kjentfolk på messearbeid – heile selgarstaben til Talgø er på plass for å presentere og informere forhandlarane. Foto: JM

Bildeglimt frå standen til Talgø MøreTre

Bildeglimt frå standen til Talgø Bygg AS

Travle dager og mange møter – i midten salgssjef Bjørn Hauglann. Foto: JM

Møre royal i fokus på Bygg Reis Deg 2019 på Lillestrøm. Foto: JM

Publisert: 16. oktober 2019, 10:38