I fjor haust vart det fotografert hus til ny bygdebok i området Hyllbakkan til Røgrenda. Over helga vil representantar for bygdebokprosjektet fortsette med fotograferingsarbeidet i «gamle Stangvik». Dei startar ved vegenden på Brøskja og arbeider seg i retning Kvanne. Folk som vil rydde kring hus eller klippe plen før dei kjem, har derfor tid på seg til over helga for å få ordna dette melder Norunn Holten ved Bygdebokkontoret i Surnadal kommune.
Folk som allereie har tatt ein kikk i band I, vil ha sett at det også er bruka ein del andre bilde enn husbilde i den nye bygdeboka. Har folk eit fint bilde som kan brukast i samband med heimplassen deira, kan dei sende det med bygdebokfolket når dei ringer på døra, eller stikke innom bygdebokkontoret med det. Har du bildet digitalt, er det også muleg å laste det opp på bygdebokportalen.no fortel ho.