Arbeidet med å samle inn ny informasjon til den komande bygdeboka for Todalen er no i gang! Grendekontaktane har starta innsamlingsarbeidet sitt, og dei første ferdig utfylte spørjeskjema er alt innlevert på bygdebokkontoret. Dersom det ikkje allereie er gjort, er det derfor no all grunn til å leite fram konvolutten med spørjeskjema og starte utfyllinga. Ver ikkje redd om det blir eit ”hol” i skjema. Grendekontakten vil hjelpe deg om det trengs!
![Bygdebokarbeidet er i gang](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/006-Todalen.jpg)