Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdeboka – Korrekturen er komen i sluttfasen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2016

Arbeidet med første bindet av bygdaboka for strekninga Åsbøen til Kårvatn er snart i mål. Det foregår no stor aktivitet og innspurt på korrekturarbeidet, og bygdebokkontoret fortel i ein e-post til Todalen.no at det i disse dagar blir sendt ut korrektur enten som e-post eller post. Dei gjer mersame på at det er kort frist på korrekturen – du må respondere innan ei veke!

I e-posten skriv bygdebokkontoret:
«Da er arbeidet med bygdeboka for området Åsbøen- Kårvatn inne i aller siste fase. I desse dagar sender vi ut korrektur til heimane på e-post eller post. Tidsfrist for korrektur er sett til berre ei veke etter motteke e-post. Fristen for korrektur i papirutgåve står i brevet. 
For å unngå feil og manglar om heimen din i den nye boka, er det derfor viktig at alle som får tilsendt korrektur, så snart råd er, sjekkar e-post og post, og les igjennom teksten om heimen sin og gir oss eventuelle tilbakemeldingar innafor tidsfristen. Kontaktinformasjon og tips om korleis du gjer endringar er vedlagt teksten. Vi gjer medksam på at det først og framst er innhaldskorrektur vi ber om hjelp til.  Ha ei riktig god påske!»

Først publisert: 16. mars 2016, 21:06 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 14:33