Driva.no kan i dag fortelje at bygdeboka for Todalen er først ut til produksjon i Surnadal kommune sitt Bygdebokprosjekt. Mykje arbeid er lagt ned i prosjektet, som no nærmar seg slutten fortel Siv Oddrun Snekvik til Driva. Siste finpuss gjenstår, med den viktige korrekturen. Her vil den enkelte heim få tilsendt «sin» informasjon som er lagra i gjeldande slektsdatabase. Eit førsteutkast vil også bli lagt ut på Matkroken, slik at flest mogleg kan få ta del i korrekturen.
Det skal gjevast ut inntil 10 bøker, samt eit registerband. Bygdebøkene skal gjevast ut i tidsrommet 2014-2019. Bøkene vil bli utgitt i følgjande rekkjefølgje:
- Todalen
- Stangvik
- Mo
- Øye
- Ranes
- Åsskard
Dei nye bygdebøkene tek utgangspunkt i scanna materiale fra de gamle bøkene, kirkebøker, folketellinger og nye opplysninger fra spørreskjema som lokalbefolkninga har svara på som kommunen sendt ut i 2012. Ei del nytt bildemateriale av hus og folk i ulike tidsperioder er også samla inn.
Les heile artikkelen på Driva: Todalsboka klar til jul Vi kan også anbefale ein titt inn på Bygdebokportalen.no, der ein finn svar på det meste i forbindelse med dette prosjektet.