Laurdag 3. desember var det klart for å presentere bind nr 5 av bygdeboka for Surnadal kommune. Bind nr 5 omhandlar området frå Honnstad og oppover til Kvammen – altså til grensa mot Rindal. Med bind nummer 5 reknar vi med at vi er komne på halvvegen sa kultursjef Lilly Husby da ho ønska eit stort og interessert publikum velkomne på premiere for det nye bindet.
Som tidlegare bind er det Siw Snekvik og Norunn Holten som har ført bokai pennen, og dei to fikk mykje skryt for jobben som er gjort. Skryt fekk også dei mange som har delteke i prosjektet, slik asom Tor Erik Jenstad som har lest språkleg korrektur og dei mange som har delteke på frivillig basis, slik som Slektforum for Indre Nordmøre og grendakontaktane og sjølvsagt mange andre.
Endeleg er ho her, sa Norunn Holten da ho fortalte om prosessen med å skrive bygdebok. Ho var veldig takknemleg for all hjelpa som forfattarane har fått med innhenting av info og bearbeiding slik at stoff og bilder kan brukast. Dei nye bygdebøkene er basert på de gamle Hyldbakkbøken og så er stoffet bearbeidd og tilpassa den produksjonsformen som er bruka i dei nye bøkene. – Norunn understreka av det kanskje vart bruka mykje tid og ressursa som eim ikkje kan sjå så mykje til i det ferdige produkt, men det høyrer med som ei kvalitetssikring av stoffet.
Det er sjølvsagt nytta same oppbygging av stoffet som det er gjort i tidlegare bind. Dermed kan ein nyttegjere seg ikonmerkinga som er omtala i boka, og som gjer det lettara og raskare å navigere til det stoffet du er ute etter i boka. Arbeidet med bind nr 5 starta under covid-pandemien som vi har vore i gjennom. Dette har nok gjort at vi har bruka litt lenger tid, trudde Norunn, men kanskje ikkje så mykje – det har tross alt gått radikt og bra.
Så var det sjølvsagt tid for litt påskjønning til mange av det som har delteke i prosjektet – enten profesjonellt og på frivillig basis og som fikk eit eksemplar av bind 5. Det var bygdeboknemnda, grendakontaktane og andre som har lagt ned ein omfattande innsats i prosjektet. Til slutt var det servering av kaffe og marsipankake og sjølvsagt var det stor iver for å få tak i eit ekemplar for å kome i gang med lesinga.