Laurdag var det salspremiere for den nye bygdeboka for Stangvik og Kvanne (Bind 2). Forfattarane sjølve, Norunn Holten og Siv Oddrun Snekvik var på plass på Coop Extra i Surnadal for å selge den nye bygdeboka, og dei rapporterte om skikkeleg respons på den nye boka.
Salstarten på Coop Extra blir nærast for ein tjuvstart å rekne, for boka blir offisielt lansert i Bondehuset i Stangvik tysdag den 12. desember kl 19. Elles er sjølvsagt boka å få kjøpt på Biblioteket i kulturhuset. I tillegg blir det boksal på Coop Extra 13. – 15. desember og i Amfi Surnadal 16. og 22. desember.
Bind 2 som omhandlar Stangvik til og med Kvanne er sjølvsagt bygd på same lest som bind 1 som omhandlar Åsbøen til og med Kårvatn, og prisen er den same kr 700,- pr bok.