Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Busstur til øyriket Smøla

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juli 2024

Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!

Første ferjeturen gjekk frå Hennset til Aresvika, og deretter vart det ferja «Smøla» frå Sandvika på Tustna til Edøya.

På Smøla møter ein først to historiske minnesmerke: Edøy gamle kirke frå 1190 og Kulisteinen frå ca. år 1000. Edøykyrkja var i mange år i elendig forfatning, og ei omfattande restaurering starta i 1947. Kyrkja er no brukt berre ved spesielle anledningar. Kulisteinen blir kalla «Noregs dåpsattest» – det er det første «dokumentet» som innheld namnet Noreg.

Rosvoll prestegard. Frodig område. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Guide Silje Gulstad frå Nordmørsmusea. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Godt med kaffe og bakels i hagen ved prestegarden. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Føste stopp på turen var Rosvoll prestegard – bygd i 1880-åra. Dagens guide, Silje Gulstad, møtte turfølget her. Ho var dyktig og kunnskapsrik! Her var det servering av kaffe og bakels – riktig godt! Rundt prestegarden er det uvanleg frodig med store tre og sjeldan lunt til å vere ute i «havgapet». Prestegarden er museum og er også brukt til kunstutstillingar.

Bussturistane i forsamlingssalen i Norsk Myrmuseum. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Karen Johanne Talgø ved ein torvstakk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Norsk myrmuseum

Norsk myrmuseum ligg på Molstad. På Smøla vart myr tradisjonelt brukt som brensel. Først på 1900-talet vart det stifta to selskap knytta til nydyrking, bureising og torvdrift. «Det norske myrselskap» frå 1902 la vekt på ny dyrking og industriell utnytting av myr som ledd i nasjonsbygginga. «Selskapet til Emigrasjonens innskrenking» frå 1908 hadde som fokus å avgrense utvandringa til Amerika, seinare vart namnet «Selskapet Ny jord». I 1976 vart dei to selskapa til «Det norske jord- og myrsleskap». Bureising var ein viktig del av arbeidet til organisasjonane, og staten gav god støtte til bureisarane på Smøla. Det vart bygd om lag 40 bureisingsbruk på Frostaheia. Frå 2010 er myra på Smøla freda, og no er det forslag om forbud mot nedbygging av myr for å redusere klimagassutslepp og ivartea trua artar i heile landet.

I Myrmuseet var det ei allsidig utstilling med med maskiner og utstyr som var nytta ved utnytting og bruk av myr og torv. Stor interesse for ein gråtass. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sanden – eit autentisk museum

Museet på Sanden er heilt unikt. Her har tida stått stille! Museet består av fem bygningar: våningshus, stabbur, fjøs, brygge og båtnaust. Våningshuset er frå 1790. Ingen har budd på plassen sidan 1983, og ingen ting er forandra. Smøla museum tok over eigedommen etter dei siste som budde her, søskena Astrid og Karl Eckoff.

Stuehuset på Sanden. Silje Gulstad og Sven Olav Svinvik. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå kjøkkenet på Sanden. Innhaldsrikt! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Interiør frå Sanden. Foto: Dordi Jorunn Halle.

John Moe var turleiar og guide, og Øystein Moe var sjåfør – båe  to gjorde ein god jobb.

Ein interessant, triveleg og fin dag på Smøla vart avlsutta med retteleg god saltfiskball på Havkroa.

Fleire bilete:

Heile turfølget samla til fotografering – 42 personar inklusiv sjåfør. Framfor stuehuset på Sanden. Altså nesten full buss. Bak kamera: Guide Silje Gulstad.

Dåpskåpe. Denne kåpa vart brukt rundt mor og barn under skyssen til kyrkja. Kåpa var lånt ut til mange dåpsferder frå Veiholmen inn til kyrkja på Hopen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dordi Jorunn Halle sit her i himmelsenga i eit av romma i Sandenstuå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Nils Magne Røen og Sven Olav Svinvik. Interiør frå ei bureisarstue. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Innseglinga til Veiholmen. Turistane var heldige med veret. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kart over Smøla. 

Først publisert: 5. juli 2024, 15:26 - Sist oppdatert: 7. juli 2024, 13:10