På ettermiddag fekk utgåande skulebuss frå Todalen motorhavari og måtte få litt assistanse til å komme seg på vegkanten slik at øvrig trafikk kom seg forbi. Før bussen fekk av motorbremsen og kunne flyttast, var det traffikkork ei lita stund. Tendens til kø vart det då ein lastebil forsøkte å ta seg forbi og nær hekta seg fast i bussen. Ola Magne Nordvik bisto sjåfør Kristian Kjølstad slik at det vart farbart på staden inntil redningsbil frå Rindal skulle komme.
Bussen vart forsøkt reparert på staden, men det var lite livstegn å spore.