Hjortjakta er ikkje ferdig enno, sjølv om kvotane etter kvart fylles opp. Halla og Husby jaktlag var laurdag på jakt i Husby- og Hallaberga og resultatet vart ein 7-spiring denne gongen. Jaktlaget starta i Petlia og jakta vidare innover lia. I eit av granfelta ovafor Ramsøya tok dei ut denne bukken som fann sin nåde i postrekkja i Glenna innafor Engjavadberget.
7-spiringen hadde ei slaktvekt på 97 kg, fortel Tormod Kalset som har sendt oss bilde frå laurdagens hjortefall. Ordinær jakttid for hjorte er i år frå 1. september og fram til jul – nærare bestemt til og med 23. desember.
Tormod har sendt oss fleire bilde frå jakta – så nedafor byr vi på bildeglimt både frå Romådalen, Romålia og frå poasten på Kvitkua.