Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brusetmarka: – Store nedbørsmengder i natt

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2025

Det har vore store nedbørsmengder i Brusetmarka i natt, og på vegen opp mot Falla har det rasa ut store mengder masse som har fylt bekken ned mot Stillhølen og sendt mykje grus utover ekra mot Trydvangkrysset.  Regnvêret og vassføringa frå Kattadalen nådde nok toppen i løpet av natta, og på morgonkvisen var Gjeldnes Maskin på plass med gravemaskin for å få vatnet på rett kurs ut i Toåa.

Vindfall på vegen opp mot Tjønnmyran. Foto Gunnar Nordvik

Eit par graner har gått overende ved vegen opp til Tjønnmyran slik at veget opp dit var stengt i morgontimane, men der har Gunnar Nordvik rydda vegen opp til lysløypa.  Elles har det nok rasa ut litt grus og masse i skjæringane frå tømmerdrifta både i Bjørålia og i Kattadalsrabben i Halaneset. 

Store skader der vi ut til å være forskåna frå denne gongen – det har iallfall ikkje kome oss for øret, og no er vassføringa i elvar og bekker på retur.  

Ved Hafallmelen trefte vi på isfora på veg nedover elva. Foto Jon Olav Ørsal

Mykje vatn og sand på Trudvangekra innover frå Trudvangkrysset. Foto Jon Olav Ørsal

I Halaneset har det også rasa ut ein del masse i skjæringane etter tømmerdrifta i fjor. Foto Jon Olav Ørsal

Kattadalen på Hala – mykje lausmasse har rasa ut. Foto Gunnar Nordvik

Publisert: 6. mars 2025, 11:21