På trimpostane er det no plassert ut heilårsbøker. Det vil seie at bøkene blir skifta ut på seinhausten og ligg eit heilt år i kassen på trimpostane. Trimgruppa melder at det no er bart til fleire av postane, og det er berre å sette igang med trimaktivtetar til fots. Det ligg bøker på Løfta, Gammelsetra, Haukarsteinen, Dalasetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen og Ansnessetra. Søndag er det utsikter til fint turvær, så det er bare å spenne på fejllsko og sette i gang.
Men det er også andre måter å trimme på. Stig Husby og Lars Kvendset deltok laurdag i Sentrumsløpet i Oslo. Nedafor poserer dei med sine flotte deltakarmedaljer.