Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bruk røysteretten din – no kan du forhandstemme

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. september 2023

Dersom du er forhindra i å stemme på valdagen 11. september kan du ennå gjera borgarplikta di ved å førhandstemme på kulturhuset. Der er det høve til å stemme både i kommunevalet og fylkestingvalet.  Det skjer i foajen på kulturhuset, til og med fredag 8 september.  Fram til torsdag 7. september er opningstida 9.00 – 17:00, medan den fredag er 9:00 til 15:30.   

Onsdag 6. sptember kan du også forhandsstemme på sjukeheimen og på omsorgsbutadene – på heimesida til Surnadal kommune finn du meir info om reglane for å avgi forhandsstemme. 

Vi stakk innom kulturhuset tysdag, og da ver det Harald bredesen og Torill Helgetun som organiserte forhandsstemminga.  Dei kunne berette at dei har hatt godt besøk, og at det var over 500 som har avgitt forhandsstemme til no.  Dei rekna med at nær halvparten av alle stemmer i Surnadal ville kome som førehandsstemmer under årets val.  Med rundt 60% valdeltaking kan ein rekne med at vel 2500 kjem til å nytte stemmeretten.

Stemmestader og opningstider på valdagen

Her kan du stemme på valdagen søndag 10. og måndag 11. september:

Krins
Stemmestad
Opningstid søndag
Opningstid måndag
Mo Mo skule Ikkje ope Kl. 12.00 – 20.00
Nedre Surnadal Surnadal kulturhus Kl. 14.00 – 19.00 Kl. 12.00 – 20.00
Bæverfjord Bæverfjord skule Ikkje ope Kl. 12.00 – 20.00
Bøfjorden Bøfjorden grendahus Ikkje ope Kl. 12.00 – 20.00
Stangvik Stangvik skule Ikkje ope Kl. 12.00 – 20.00
Todalen Sanitetshuset Ikkje ope Kl. 12.00 – 20.00

Soknerådsvalet i Todalen

Soknerådsvalet i Todalen går føre seg i kjøkkenlokala i Sanitetshuset, med direkte inngang frå parkeringsplassen – soknerådsvalet har same opningstida som kommune- og fylkestingvalet,  frå kl 12:00 – 20:00.  Fram til onsdag 6. september kl 15 kan du forhandsstemme elektronisk – det krever påloggingsbrikke for legitimasjon – her er linken for pålogging.  
Nominasjonskomiteen si liste til soknerådsvalet i Todalen – Listeforslaget er fylt ut i prioritert rekkjefølgje:
1. Borghild Betten Talgø
2. John Moe
3. Ola Bruset
4. Rune Moe
5. Einar Husby
6. Anita Talgø
7. Monika Klungervik

Publisert: 5. september 2023, 13:38