Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bruk av gymsalen ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. november 2021

Styret i Todalen Idrettslag søkte tidlegare i år, som det også vart orientert om på medlemsmøtet 20. oktober, Surnadal kommune om å få låne gymsalen ved Todalen skule frå oktober – april til innandørs-aktivitetar. Søknaden var både for organiserte og uorganiserte aktivitetar som mellom anna: «Dame- og gubbetrim», balleik for ungane og volleyball. Konkrete ønske om slike aktivitetar i gymsalen ved skulen kom og fram på medlemsmøtet 20. oktober, men styret i idrettslaget måtte avvente svaret frå Surnadal kommune, på søknaden sin om lån, før dei uttale seg om saka. No har idrettslaget fått svar, og saka vart diskutert på gårsdagens styremøte i idrettslaget. 

Under ser du Todalen Idrettslag sin søknad til Surnadal kommune ved einingsleiar Teknisk drift, Råg Ranes: 

«Todalen IL ønsker å reserverer/låne gymsalen til Todalen Oppvekstsenter to kvelder i uken fra høst 2021 til vår 2022 for å opprettholde aktivitet gjennom vinteren som tidligere år. 

Gymsalen benyttes til organisert og uorganisert aktivitet, som blant annet volleyball, dame- og gubbetrim. Tirsdag og torsdag er foretrukne dager.

Det er lite attraktivt og miljøvennlig å organisere kjøring til Idrettshallen i Surnadal for denne typen aktivitet. Her vil det uansett være andre aktører som ønsker å benytte dette bygget til sin aktivitet.

Vi ser fram til en rask bekreftelse på at idrettslaget kan iverksette aktiviteter lik foregående år i Todalen Oppvekstsenter».

I går, same dag som det var styremøte i idrettslaget, kom svaret frå Surnadal kommune og einingsleiar Ranes:

«Hei,

 Eg viser til e-post send 08.10.21.

 Surnadal kommune kan låne ut gymsalen frå haust 2021 til våre 2022 under føresetnad av at idrettslaget sørger fore å dekke meirkostnader ved bruk av ønska areal. Dette gjeld utgifter til oppvarming. Nedanfor er ei oversikt over kotnadene knytt til energibruken  for heile Todalen skule siste året. Bruken av strøm vil naturlegvis vere avhengig av kva for areal ein ønsker å låne og strømpris.

Lånetakar må ta hand om reinhald og vintervedlikehald, som snøbrøyting. Surnadal kommune tek hand om faste kostnader, som forsikring.

 Alternativet for kommunen er å stenge av vatnet og slik spare kostander til oppvarming». 

Totalt straumforbruk Todalen skule. Ca. 40% går med til «nybygget» gymsalen.

Styret i Todalen Idrettslag estimerer dei gjennomsnittlege kostnadane, til straum, reinhald og snøbrøyting, til rundt 10.000,- i månaden. Aktivitetene er som regel i perioden oktober til april, noko som inneber ein kostnad for idrettslaget på 70.000,- kroner for å drifte gymsalen, for å oppretthalde aktivitetsnivået, slik det var før nedlegginga av Todalen skule.  

«Styret mener det er feil bruk av idrettslaget midler å finansiere driften av en gymsalen, tilhørende kommunen, spesielt med tanke på eksisterende kostnadene tilhørende bygg og anlegg eid av Todalen IL». 

Todalen Idrettslag har muntlig etterspurt eit kommunalt alternativ til gymsalen, noko Teknisk drift har svara slik på: «Det er et politisk spørsmål som Teknisk drift ikke ønsket å ha en formening om».

Styret i Todalen Idrettslag vedtok på sitt styremøte i går kveld at idrettslaget ikkje vil låne gymsalen ved Todalen skule på dei vilkåra som kommunen har skissert i sitt svarbrev. Styret vil difor arbeide inn mot administrasjonen og politisk leiing for å få avklart kvar idrettslaget skal lagre alt utstyret, dei i dag har lagra i tilknyting til gymsalen, og for å finne alternative lokale for sine aktivitetar.  

Da får vi sjå om politisk leiing i Surnadal kommune tek tak i denne saka, slik at det er mogleg å få til fysisk aktivitet innandørs også i Todalen, på lik line med dei andre bygdene, utan at idrettslaget blir påført store «ekstrakostnadar» til dette. Det er kommunestyremøte allereie i morgon, men at saka kjem opp til behandling der, er lite sannsynleg, men det bør i alle fall kome ei sak om dette ganske raskt! 

Publisert: 3. november 2021, 08:52