Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar.
Før dei tre finaledagane i Oslo, var det uttakskonkurransar over heile landet der lærlingar og nyutdanna elektrikarar deltok. Så berre det å kvalifisere seg til NM-finalen er ein stor prestasjon! Under finaledagane har finalistane konkurrert både i teoretiske og praktiske oppgåver.
– Eg er både overraska og godt fornøgd med resultatet eg oppnådde i NM-finalen, seier Sindre til Todalen.no.
Sindre er til dagleg lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han har vore sidan hausten 2022.
Todalen.no gratulerer Sindre med god innsats og kjempefin plassering under NM!