Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brøndbo og «Give me 5»

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Give me 5 er vårens vakraste eventyr, sa Torill Helgetun, da ho ønska velkomen til konsert i Surnadal kulturhus torsdag kveld. Det har iallfall vorte tradisjon å arrangere Give me 5 for 5.-klassingane i Surnadal kommune. Det er i år 7. gong, og årets gjesteartist om ein skal kalle det, var Bjarne Brøndbo som er frontfigur for gruppa DDE. Men først var det øving på torsdag føremiddag – og så konsert i kulturhuset om kvelden.

DSC_5398

Bjarne Brøndbo i kjent stil, saman med Give me 5-koret i kulturhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

For dei 70-tals 5.-klassingane vart nok dette ein uforgløymeleg dag i lag med Bjarne. Bjarne er så alminneleg og lett å få kontakt med, og etter ei økt med øving var heile gjengen klare for å gå på scena og for presentasjon av årets Give me 5-kor.  God kontakt vart det også med publikum, og med mange artige historier i skjønn forening med musikalske innslag så er vi sikre på at publikum kosa seg gjennom halvannen times konsert med både kjente DDE-låter og ein smakbit av Prøysen. Dirigent for Give med 5-koret var Kjersti Mahle Brøske og som pianist stillte Brage Einum.

 

 

Publisert: 13. mars 2015, 15:21