Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brødfrakt – Takk for godt samarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2024

Eit samarbeid som har vart i mange år, er brødfrakt frå Todalskrysset og innover til Matkroken Todalen.  Brødleveransen frå Gomanbakeriet blir levert på Todalskrysset tidleg på morgonen, og så er det skulebussen som tek med brødleveransen til Matkroken.  Sommars tid er det ingen bussrute til Todalen, så da må Matkroken hente sjølv på Todalskrysset.  I dag var siste dagen med skulebuss før ferien – neste bussrute til Todalen går ikkje for det nærmar seg 20. august.

Eit flott heimlaga kort med helsing frå sjåførane på ruta til Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Før den tid har nok Terje Nordvik gått av med pensjon, så derfor var det ei markering på Matkroken i dag tidleg. Odd Magne Heggem Grytskog som no er sjåfør på skulebussen, hadde med gåver frå bussjåførane i VY Nettbuss. Terje N. vart gjort stas på  – mellom anna med eit flott sitteunderlag i saueskinn med tilhøyrande handlaga kort med helsing frå sjåførane på ruta. Frå laurdag morgon er det altså Matkroken sjølv som hentar brød på Todalskrysset, fram til skulebussen startar på igjen til hausten. 

 

Publisert: 21. juni 2024, 08:19