Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brit skal passe på naturen i Lofoten

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. september 2020

Da vi trefte Brit Grønmyr hang ho i ein stige på fjøsveggen og dreiv innhausting av eple. – Åkerø er prima vare, og på den søraust vendte fjøsveggen får nok epla nok varme til å mognast til smakfull og god frukt, fortel Brit. No er Brit heime hos familien i Todalen ein tur, men til dagleg har ho sitt liv og virke i Lofoten og Vesterålen. Der skal ho passe på at naturen blir teken vare på og bruka på forsvarleg måte.

Her settes det ut ferdselsteljar ved stien frå Å, ytst i Lofoten og inn i Lofotodden nasjonalpark. Foto:Ole Jakob Kvalshaug.

Arbeidsgjevaren er SNO (Statens Naturoppsyn) og hovudoppgåva blir å forvalte dei rundt 50 verneområda som ho og ein kollega har ansvaret for.
Brit Grønmyr har akkurat skifta beite frå jobben som nasjonalparkforvaltar av Møysalen nasjonalpark og flytta over til SNO, der ho og ein kollega har oppfølging av Lofotodden og dei rundt 50 verneområda som høyrer til. Spesielt for Lofotodden er at det er 100% privat grunn som her er verna.

Her blir skjøtsel og etablering av stiger ei viktig oppgåve, eller rettare sagt å passe på at det er tilrettelagt for at naturen skal tole å bli bruka og unngå at slitasjen blir for stor.
Men det blir også mange andre oppgåver som for eksempel myrrestaurering – der vi skal rydde opp etter mislukka grøfting og planting, og sjølvsagt bu oss på klimatiltak – ei velfungerande myr skal både fange og lagre karbon.
Men foreløpig har eg berre virka i nyjobben eit par månader, og har eigentleg ikkje fått sett meg inn i alt enno. Må nok rekne med å bruke litt tid på å sette meg inn i saker og ting før eg kan begynne å virke for fullt. Men eg gler meg iallfall, og trur dette blir ein triveleg og interessant jobb, og i eit område som kanskje er det flottaste vi har.

Brit er forresten godt kjent med Nord-Norge og likar både folket og landskapet. Ho har lagt attom seg 3 år med skulegang her i nord – 2 år i Tromsø og 1 år i Alta. – Elles har ho ein master i naturforvaltning frå NMBU (Ås), og er nok godt skodd for oppgåva ho har fått i SNO. Brit har no arbeidd 5 år i Møysalen nasjonalpark og tykte det var på tide å bytte beite.

Ein god turkamerat – Isa er med på dei fleste turane, både i jobbsamanheng og på fritida. Foto: Jon Olav Ørsal

Brit bur framleis i Vesterålen, der ho leiger hus. – Eg trivs godt her, og her har eg hundpassar når det trengs. Brit er nemleg «fast følgje» med labrador retrieveren «Isa» som er med på dei fleste turane i felt. Det er forresten mest feltarbeid – spesielt om sommaren. Det passar bra, for eg likar meg best ute. – På kontoret er det mest rapportskriving og oppbygging av databasar for lagring av info, så det blir da litt kontorarbeid også. – I sommar har det vore så fint at ein kan ikkje tru det. Og det har da vorte mange turar med teltet. Det er både lettvint og effektivt i mange tilfelle når ein driv feltarbeid.

Romådalen og Steinarstusetra er fristaden for Brit. Ein tur til Romådalen er obligatorisk når Brit er heime i Todalen ein tur. Foto: Brit Grønmyr

Men no er altså Brit heime i Steinarstua i Todalen, og da er sjølvsagt ein tur til Romådalstur obligatorisk, fortel ho. Familien har ei gamal seter her, og det er alltid stas å kome hit. Må liksom ha ein tur på setra når eg er heime i Todalen – uansett årstid. Det er knytt mange gode minner til Romådalen for Brit, som er interessert i både jakt, fisk og bruk av naturen elles.
Ein kan vel snakke om å hamne på rette hylla med yrkesvalet?

Publisert: 19. september 2020, 05:00