Brekkliiløå som ligg nedafor og nord for toppen på Talgøstorhaugen har fått eit nytt liv dei siste vekene. Etter eit par år med planleggjing og søknad om SMIL-midlar var det snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som fekk oppdraget med å utføre den faglege biten av prosjektet. Løå høyrer Høyem til, men ligg på Bruset-legmålet, fortel Martinus Torvik som har vore prosjektleiar.
Det er no skifta ut nokre stokkar og lagt nytt tak på løå, så no vil ho nok få mange gode år i fortsettinga. Martinus kjenner historia til Brekkliløå og har samanfatta litt informasjon om løå og historia attafor som du kan lese nedafor:
«NOKRE ORD OM BREKKLILØA» – Tekst Martinus Torvik
Husmann under Brusetgarden, John (Jo) Ingebrigtson Torve (seinare Bruset) bygde løa i tidsrommet 1855-1860. Da hadde han allereide etablert husmannsbruket «Brusetnesset» ved Smihølen ved elva Toåa. Leif Halse skriv at det første året Jo var i Nessa avla han ei kjemme høy, men at han tok opp nyland og at gjerdet voks året kvart. I 1875, til dømes, fødde han 3 kyr og 9 sauer, så trongen til dyrefor var nok årsaka til at utmarkslåtten Brekklia vart etablert og løa bygd. Løa ligg i omlag 450 meters høgde, 500-600 meter vest for Talgøsetra, sirka halvannan times gange frå datidas «Brusetnesset».
Ola Bruset er grunneigar der løa står og Jo Kåre Torvik (eigaren av Høyem) eig løa, som gjennom160 år har forfalt. Vinteren 2014 vart det i samarbeide mellom Ola og Jo Kåre utarbeid søknad om SMIL-midlar (Spesielle Miljøtiltak i Landbruket) til arbeidet med å restaurere/sette i stand Brekkliløa. Surnadal kommune løyvde eit høveleg tilskot og arbeidet med restaureringa er langt på veg fullført.
Gunnar Nordvik og Lars Kvendset har stått for reetableringa medan Ola Bruset og Rune Holtberget samt danskane Fay og Magnus (nær slekt) har vore handlangarar/bærarar.»