Fiskekortkassen til Surnadal JFF på Kårvatn er broten opp og øydelagt. Her har det vore mulig å kjøpe fiskekort på sjølvbetjening, for den som har hatt med fiskestong på tur. – Det er synd at det ikkje går an å få ha i fred slikt som dette, som kan være ein god service til SJFF medlemar og andre som vil ta seg ein fisketur, seier SJFF-veteran Ragnar Halle.
Det er uklart når dette brekket har skjedd, men dette vil bli sikra med ny kasse no, fortel Halle. Det vil også bli fulgt opp med gode rutinar og hyppig tømming av kassen på Kårvatn.
Surnadal JFF har leigeavtale for alle vatna som høyrer til Kårvatn-eiendommen, og kassen på infotavla ved parkeringsplassen på Kårvatn er den eine måten du kan kjøpe fiskekort på. Den andre måten er å kjøpe fiskekort på nettsida Inatur.no, der du kan kjøpe fiskekort for heile trollheimen og faktisk heile landet. På Kårvatn og i Surnadal kommune får du og rabatt dersom du er medlem i Surnadal JFF. Det finn du meir informasjon om på heimesida og Facebooksida til SJFF.
Det er no fine forhold for fiske og dei fleste vatna i todalsfjella er no isfrie og klare til bruk, seier Ragnar Halle.