Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Breiband skapte betalingskrøll

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2014

Problem med tilgang til breibandsleveransen skapte laurdag betalingskrøll i kassa på Matkroken. Den siste tida har breibandet vore ustabilt, og det har nok samanheng med arbeidet som Svorka Aksess held på med i forbindelse med oppgradering av nettet. Spesielt var det betalingsterminalen som skapte krøll, slik at dei måtte kjøre på reserveløysinga med kvittering.

I ein e-post frå Svorka Aksess før jul vart det informert om at ein kunne rekne med at nettet vart ustabilt en periode. Svorka Aksess rekna da med at arbeidet skulle være avslutta tidleg i januar, og at ein da ville få normal drift.

I e-posten skriv daglig ledar i Svorka Aksess, Håkon Solvik,  at «årsaken kjem seg i at Svorka for tida arbeider med eit meget omfattende omleggingsprosjekt i nettet (klargjøring for IPv6, for den som måtte være teknisk interessert). No gjenstår det fortsatt litt arbeid før dei er heilt i mål med nettet innover mot Todalen, så mens dette rulles ut kan nettet oppleves noko begrensa for enkelte. Nettet i Todalen vil være ferdig omlagt tidlig i januar. Svorka Aksess beklager derfor de ulempene dette medfører for folk, og lover at det skal bli mykje betre over nyttår.»

 

Publisert: 4. januar 2014, 16:35