Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvernveka handlar ikkje berre om brannslokking

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. september 2019

Denne veka er det brannvernveke med open brannstasjon både i Todalen, på Kvanne og i Surnadal denne laurdagen. Dette er den stor publikumsdagen for det lokale brannvernet, og dei nyttar høvet til å vise fram både utstyret dei disponerer og tenestene dei kan tilby publikum.  Og da dreier det seg ikkje berre om brann og brannsikkerheit, men også om helse. Ein viktig del av tenestene til brannlaget i Todalen er å rykke ut med hjartestartar og anna utstyr i samband med akutt sjukdom eller skade.

Dette er kanskje det viktigaste utstyret vi har – Håvard Halset viser fram hjartestartar og førstehjelpsutstyr som er plassert i brannstasjonen på Kvennset. Foto: Jon Olav Ørsal

Og her er det ingen av etatane som slår dei på utrykningstid – i loggen kan dei dokumentere utrykningstid heilt ned til 3 minutt.  Da må du plusse på minst 15-20 minutt før ambulansen er på plass og kanskje det dobbelt før brannbilen er komen til Todalen, sier Håvard Halset som er ein av utrykningsleiarane i Todalen. 

Men denne dagen er det sjølvsagt brannvern i heimen som blir prioritert, og det kan være enkle ting som batteriskifte i røykvarslarane, plassering av slokkeutstyr og kjennskap til rømmingsvegar. Litt fokus på lading av mobiltelefonar, bruk av vaskemaskinar og oppvaskmaskinar om natt osb.  

Kanskje er det lurt å ha ei brannøving heime?   Det kan være både for store og små kva dei skal gjera i tilfelle brann.  Det kan være så enkelt som å avtale kvar ein skal møtast for å være sikre på at alle har kome seg ut.  Ta ein test på rømmingsvegar og trykk på knappen for å teste brannvarslaren.  Mange gode tips kan du finne på nettsida brannvernuka.no

Rebus – konkurranse som skal stimulere til å lære meir og førebyggande arbeid i brannvernet. Foto: Jon Olav Ørsal

Rett svar er nok alternativ 1, og viktigare enn alternativ 2 🙂 Foto: JOØ

Publisert: 21. september 2019, 11:57