Brannvernveka er ei brannøving som foregår på alle brannstasjonar over heile landet, og som blir runda av med open dag på alle brannstasjonar i dag. Open dag var det sjølvsagt på brannstasjonen i Todalen og, der det var mange som var innom for å sjå og høre om kva du kan bidra med i heimen.
![Brannvernveka - ei nasjonal brannøving](https://todalen.no/wp-content/uploads/2017/09/DSC_6240-1200x800.jpg)
Mange nye brannkonstabler med tøffe hjelmar, saman med Håvard halset og Anders A. Karlsen som er ekte brannkonstablar. Foto: Jon Olav Ørsal
Her var det ein form for natursti, der du kunne finne aktuelle spørsmål om brannvern i heimen og få ein liten premie for deltakinga. Mange små brannkonstablar vart ivrige på brannvern når dei fekk på seg raude hjelmane og vart «ekte» brannkonstablar.
Uansett er det i allfall viktig at det drives forebyggende arbeid med tanke på å unngå brann og at folk får lære seg å slokke branntilløp, før det utveklar seg til ein skikkeleg brann. Det er så viktig å stoppe brann tidleg, og det er derfor at det lokale brannvernet er ein kjempeviktig ressurs i bygda. På same måten er også tenesta med hjartestartaren ein viktig funksjon. Ved melding om hjartestans kan uttrykninga frå det lokale brannlaget være på plass lenge før ambulansen nærmar seg Todalen – og det kan være viktige minutt.