Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvern og beltebruk

Elinor Bolme Tysdag 10. desember 2013

Elevane på Todalen Oppvekstsenter hadde i dag om brannvern ved feiarane Jon Nordvik og Hans Christian Hårstad.

Dei fekk blandt anna vite om kva dei måtte passe på for å unngå brann.
No i førjulstida var det ekstra viktig at ein ikkje gjekk frå brennande lys. Mobil og I-pad skal heller ikkje setjast til lading om natta.
I tillegg fekk dei instruksjon om bilbeltebruk. Elevane fekk vere med å vise kor viktig det var at bilbeltet var festa rett.
For at  dei som køyrer bil skal sjå dei som går og syklar langs vegen er det lurt å bruke refleksvest.

Elevane følgde godt med, og dei vil nok passe på litt ekstra i tida framover.

Foto: Britt Mossing ved Todalen Oppvekstsenter.

 

Publisert: 10. desember 2013, 19:36