I 19-tida gikk brannalarmen i Todalen og Todalen brannlag rykte ut til Brusetmarka der det var meldt om pipebrann. Brannlaget i Todalen var raskt på plass, men da var allerede pipebrannen sløkt av seg sjølv. Faktisk var dei komne på åstedet når brannmeldaren var ferdig i telefonen. Denne gongen gikk det godt, men det har nok stor betydning at ein har lokale brannmannskap som har kort utrykningstid i slike høve. Det er dei første minutta som er viktigast.
Kva gjer du når det brenn? Vi har saksa ei liste med gode tips frå internett:
– Ring brannvesenet på telefon 110.
– Få alle menneske og dyr ut av bustaden.
– Steng spjeld, ovnsventilar og luker til skorstein. Lukk om mulig døra til eldstaden.
– Sjekk loft og etasjeskiljarar for røykutvikling. Røyk kan tyde på at pipa er sprukket og at brannen kan spre seg. Gi i så fall beskjed om dette til brannvesenet når de ankommer.
– Sett opp stige til taket til brannmannskapa medan du ventar.
– Ikke forsøk å slukke brannen selv. Du kan eventuelt fukte ned trekonstruksjonen med hageslangen for å unngå at det tek fyr, men ikke spyl direkte på pipa da den kan sprekke.
– Få brann- og feiarvesenet til å sjekke om skorsteinen er skaddd etter brannen.