Hell i uhellet gjorde at det ble med eit branntilløp og ikkje garasjebrann hos Jon Bruset på Småhjellan. Det var måndag i lunchtida at Jon sette på batteriladaren på bilden for å sikre at batteriet var fullada før det blir vinter. Han kobla til ledningane mellom ladaren og batteriet og forsikra seg om at det var rett kobla, før han sette i kontakten.
Dermed starta ladaren på normalt vis og Jon gikk inn for å ordne seg på ein trimtur til Storhaugen. Etter nokre minutt kika han tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvindaug og fekk da sjå at det var full fyr i mottorrommet på bilen. Heldigvis hadde han eit slukkeapparat for handa, og i fullt firsprang bar det ut for å starte sløkkearbeidet.

Det tok fyr i motorrommet da batteriladaren vart sett på – her vart det ein omfattande skade. Foto: Jon Olav Ørsal
Det gikk greit å sløkke branntilløpet, men det vart nok ein del skade i motorrommet på bilen, der batteriet og mykje plast og el-installasjonar ødelagt. Det vart sjølvsagt ein del røyk og sot i garasjen, men brannen rakk ikkje å få tak i treverket på garasjebygdninga.
Ein snarrådig reaksjon redda nok både bil og garasje frå å ta fyll fyr, og her sto det nok berre om minutt før det kunne vorte eit skikkeleg bål og eit mykje større skadeomfang.

Sotet på porten viser at det var ikkje langt unna at brannen fik tak i treverket. Foto: Jon Olav Ørsal