Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskot – Brannsikring av tette trehusområde – Todalsøra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. oktober 2020

Vi har i ein e-post frå Surnadal kommune si kulturavdeling fått informasjon om den fylkeskommunale ordninga med tilskot til «Brannsikring av tette trehusområde». Dette er ei tilskotsordning som tidlegare vart administrert av Riksantikvaren, men som no fylkeskommunane har overteke. I Surnadal kommune gjeld denne tilskotsordninga for Todalsøra og Surnadalsøra. På kartet nedanfor ser ein kva område som ligg innafor det som blir definert som Todalsøra og kva eigedomar det då er mogleg å få tildkot til brannsikring for. Området som er omfatta av tilskotsordninga er merka med blått. 

Området som er merka med blått ligg innafor området det er mogleg å søke om tilskot for.

Dette er tilskotsmidlar som skal gå til kommunar og private som er omfatta av området som Riksantikvaren har definert. I Møre og Romsdal finst det fleire slike område, og altså Todalsøra og Surnadalsøra i Surnadal kommune. 

Tilskotet til «Brannsikring av tette trehusområde» skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uertstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer». 

Todalsøra

For dei tette trehusområda er målsettinga at alle områda skal ha ei brannsikringsplan som er nyare enn 5 år. Alle tiltaka i plana skal vere gjennomført, og plana skal rullerast jamleg. Det er Surnadal kommune som er ansvarleg for å utarbeide ei brannsikringsplan for Todalsøra og for oppfølginga av den. 

Det blir gjeve tilskot til følgjande tiltak:

  • Innvendig branndeteksjon
  • Utvendig branndeteksjon
  • Sprinkelanlegg til loft
  • Utvendige brannslangar
  • Bygningsmessige tiltak (isolering/brannskiljar på loft o.l.)
  • Utarbeide brannsikringsplan
  • Anna

Kommunar og private eigarar kan altså søke om midlar til ei rekke brannsikringstiltak, i tillegg til å få utarbeidd ei brannsikringsplan. Private tiltak skal helst vere forankra i ei overordna brannsikringsplan som kommunen har utarbeidd. 

Fylkeskommunen håpar at både private og kommunane nyttar seg av ordninga og søker om midlar til brannsikring innafor dei definerte områda. 

Tidlegare tiltak som er gjennomført, og då spesielt tiltak knytta til innvendig branndeteksjon, har bidrege til å hindra mange alvorlege brannar. Informasjon om ordningane og krav til søknaden finn du her: Brannsikring.

Søknadsfristen for 2020 er sett til 1.november, så det er ikkje stort meir enn to veker til søknaden må vere sendt inn om9 ein ønsker å søke om tilskot allereie i år. 

 

Publisert: 16. oktober 2020, 08:00