Vi har vore heldige tross alt, seier dagleg leiar og gründer Bjørn Melby som opplevde brann i fabrikklokala på Talgø-bedrifta Melby Snekkerverksted i Eide. Det er ein del skade på fabrikkbygninga det overflatebehandling og pakking går føre seg – men skadene er mindre enn ein først trudde, seier Melby.
Det var torsdag kveld at det oppstod brann på fabrikken, og det var to personar til stades, som heldigvis kom seg ut uskadd. Dette kunne gått mykje verre, seier Melby, som skryter av jobben som naudetatane gjorde på brannstaden. Det ser ut til at det er mest skader på bygget, og maskinane ser ut til å være uskadde, men litt sotskader er det nok.
Les meir om brannen på Melby på Driva.no (+ sak)