Torsdag kveld braut det ut brann i lakkanlegget på Melby Snekkerverksted på Eide. Brannmannskapa fekk etter kvart kontroll over brannen som gjorde stor skade på lakkanlegget, men alle tilsette kom seg ut og ingen skal være skadd, melder Talgø.
Det var ei stund stor røykutvikling og bebuarane i nabolaget var ei stund evakuert, men fikk seinare kome heim. Det er ikkje kjent kva som er årsak til at det starta å brenne i Melby Snekkerverksted.