Det har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke på linken her.
![Bra vêr til Trollheimsmarsjen](http://todalen.no/wp-content/uploads/2010/08/IMG_4393.jpg)