Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra tross alt i Toåa – snart start på ny sesong

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. februar 2025

Laksefisket blir stramma inn i mange elvar denne sesongen, og da er det snakk om både innkorting av sesongen og reduksjon i kvoten. Vi har vore gjennom fleire innstrammingar dei siste åra, og i Toåa slepp vi nye innstrammingar slik det ser ut no.  Det er Stig Husby som er leiar i Todalen elveeigarlag som er glad for at Toåa blir opa for laksefiske med sesongopa frå 1. juni til 31. august.

Stig Husby er leiar i Todalen elveeigalag håper på god vassføring til sesongstarten i Toåa – i fjor var vårløysinga på det næraste ferdig når sesongen starta. Foto Todalen.no

Sjølv om det er innført restriksjonar fleire gong dei siste åra så blir det ikkje noko endring frå fjorårssesongen til i år.  Sjølvsagt kan det skje endringar i løpet av sesongen, men det får vi ta når dei eventuelt kjem, seier Husby, som før helga fekk info frå Miljødirektoratet om komande sesong for laksefisket.

I fjor var det ein dårleg start på sesongen i Toåa, noko som i stor grad kan knytte til snøsmeltinga som var ferdig før laksefisket starta 1. juni. Dermed vart det ein krevjande start på sesongen. Men fisket tok seg opp i midtsesongen og gjorde at det vart ein sesong på det jamne.

Sjølvsagt lir også Toåa under dårleg innsig frå havet, men her har vi gjennom fleire år redusert og tilpassa kvotane, så derfor slepp vi ein ny runde no

– Stig fortel at elveeigarlaget har eit godt samarbeid med Todalshytta når det gjeld laksefisket. Dette har stor betydning for begge partar, og blir som eit fundament i økonomien for oss.  I tillegg kan du kjøpe fiskekort på nettsida vår i elveguiden.no, så i Toåa kan alle få lov til å fiske.  Dette opplegget vil vi fortsette med denne sesongen også, fortel Husby.

Landet rundt er det i komande sesong 42 elvar som er pålagt restriksjonar på fisket. Her i Møre og Romsdal er det forslag frå Miljødirektoratet om innstramming/tiltak i desse elvane:

  • Møre og Romsdal: Korsbrekkelva, Eira, Osenvassdraget, Surna og Raumavassdraget: Forslag om justerte fisketider og/eller kvotar.
  • Forslag om berre sjøaurefiske i Rauma.
  • Tafjordelva forlag om ikkje å opne for fiske.

Meir info om laksefisket finn du på nettsidene til Miljødirektoratet og Todalen elveeigarlag (Elveguiden)

Først publisert: 4. februar 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 3. februar 2025, 21:38