Det var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld. Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag og det var deltakarar frå fjern og nær, og spesiel var det artig at det var så mange born som deltok, sa Hoel.
I tillegg til at folk fikk seg ein trimtur, så var det opplegg med mange gratislotteri og mange flotte gevinstar – og det var utdeling av sunn turmat. Her var det både frukt og grønt, og knekkebrød som folk kunne forsyne seg av heilt gratis. Fremo og Hoel fortalte om suksessen med Stikk UT!- turane. I fjor var det registrert 1,2 mill. turar i Møre og Romsdal på til saman 500 turmål. No er det lansert Stikk UT! Saman og Stikk UT!-festival som ei gulrot for å få enda fleire ut av sofaen og med på tur.
Ann Kristin Bruset orienterte om Fellowman Surnadal, som har gått eit skritt vidare og organisert ei gruppe som driv aktivt. Dei samarbeider om å delta i trim- og livsstilaktivitetar med støtte frå helsedirektoratet.