Styreleiaren i Todalen.no er godt nøgd med responsen på vervekampanjen som har pågått den siste tida. Det er mange som har betalt og teikna seg som nye støttemedlemar i Todalen.no, og det viser at det både er stor interesse for – og at det tilbodet vi har av lokale nyheter er godt lika. Da er det fint at våre lesarar er med og tek litt økonomisk ansvar gjennom eit støttemedlemskap, seier Husby.
Tidlegare har det vore knappe 200 personar som har betalt støttemedlemskap, men Husby meiner at det er eit stort potensial ettersom nettsida har 12-1300 lesarar dagleg, og dersom fleirtalet har støtta prosjektet med ein 200-lapp hadde det vore ei moderat belastning for alle. Stig meiner faktisk at det er rett at nyheiter skal koste litt, for det ligg utruleg mykje arbeid bak gode nyheiter.
Lokale nyheiter er det viktigaste produktet vi har, og kanskje er mykje av våre nyheiter av den typen som andre media ikkje bryr seg om, seier Husby. – At du får servert nyheitene utan bli forstyrra av annonsar er også eit privilegium for deg som lesar, og det er det mange som set pris på. – Dette er bygdemobiliseringstiltak av beste sort, og er med å gjer det triveleg å bo her på landsbygda, og da er lokale nyheiter og ein god informasjonskanal ein viktig del.
Bli med som støttemedlem du og!
Det er enkelt å bli støttemedlem på Todalen.no. Aller enklast er det å bruke Vipps og betale kr 200 til Vipps nr 107600 Todalen.no. Eller du kan bruke nettbanken og betale kr 200 til bankkonto 4040 15 70219 – hugs å skrive avsender med namn og adresse.