Det var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag. Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane.
Til tider var det stor kundetilstrøyming i butikken og det var nok mange som fikk gavekort frå Matkroken som premiering for storhandel, fortalte handelsmann Nordvik som var aktiv med servering av kaffe og blautkake utover dagen.