Ved midnatt går fristen ut for påmelding til årets Kårvatn Skyrace. På morgonkvisten var talet for påmeldte passert 70, og det blir nok eit rush med påmeldingar fram mot fristen som går ut kl. 23.59. Det er fine tilhøve i fjellet og godt merka – arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb har lagt ned ein stor innsats i forkant av arrangementet.

Luftig løype – her frå toppen av Tydalsnebba og Kvennåbotnvatna lengst til venstre. Foto Mette Sæter Ormset
Erik var i tvil, men stiller på 15 km
Erik Kårvatn, som løper på heimebane, var lenge i tvil om han skulle delta på grunn av at løpet kolliderer med treningssamling for randonée-landslaget der Erik er med. Tronvoll som er landslagssjef var redd det ville øydelegge litt for treningssamlinga, men no har Erik fått «dispans» for å delta på den kortaste løypa, så Erik stiller på 15 km. Her får han nok måle seg mot Aron, Isak og fleire til. Her blir det nok litt spenning!
Rekruttlandslaget har også treningssamling denne helga, og der er løpet ein del av treningssamlinga.

Erik var lenge i tvil om deltakinga på grunn av treningssamling for landslaget – laurdag blir det 15 km-løypa. Foto Jon Olav Ørsal
Lovande vêrmelding
Elles er det nok litt spenning knytt til vêret også, men det ser eigentleg lovande ut for laurdag – iallfall først på dagen medan løpa går. Da er det meldt austleg vindretning med 1-3 m/sek og 15-20 grader som eigentleg er perfekt løpevêr.
Her har du link til påmelding og til meir info om Kårvatn Skyrace 2023

Rundturen til Nauståfossen er eit kjmpefint løypealternativ for born og familiar seier Gudmund Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal
Barneløypa til Nauståfossen:
Førehandspåmelding til 2,5 km – familie/barneløypa til Nauståfossen er ikkje naudsynt. Her kan du melde deg på hos sekretariatet før starten som går kl 10:45 Velkomen til å bli med på det nye løypealternativet.