Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra oppslutning om kyrkjegardsdugnaden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. april 2025

Måndag kveld arrangerte soknerådet dugnad for å rydde opp etter på kyrkjegarden før det skal arrangerast konfirmasjon. Samtidig var det ei gruppe som sørga for ein kjapp runde med rundvask for å få ut vinteren frå kyrkja. Som vanleg var det bra deltaking på dugnaden, og sjølvsagt var det dugnadskaffe til heile gjengen etterpå. 

Borghild, Ola og John orienterte om kva som har skjedd i soknerådet det siste året – mellom anna har det vore ein stor reparasjon av taket i tårnet. Foto Jon Olav Ørsal

Soknerådsleiaren Borghild Talgø takka for innsatsen, og ga samtidig ei lita orientering om kva dei har jobba med i soknerådet det siste året. Mellom anna har det vore ein omfattande reparasjon av taket i kyrkjetårnet. Ho viste også fram dåpskjolen som kyrkje i si tid fekk frå Todalen husmorlag – den har ikkje vore på bruk sia 2001, så den har nærast vore gløymt i 24 år sia Camilla Isfeldt var døypt i den 6. mai dette året. Da hadde dåpskjolen vore på bruk sia 1966 da Peder Kvendset (12/6) og Ragnar Ness (10/7) var dei to første som vart døypt i den. I perioden 1966 – 2001 har dåpskjolen vore bruka av 35 dåpsbarn. 

Dugnadkaffe høyrer med – godt å kome inn og få ein kaffedråpe. Foto Jon Olav Ørsal

Elles orienterte Ola Bruset om økonomien i soknet – kvar pengane kom frå og kvar dei har vore bruka til – eit lite overskot er lagt til på «reservefondet».  Hovudinntekta er sjølvsagt kollekt under gudstenestene der ein del går til soknerådsarbeidet.  Vidare orienterte John Moe, som er soknerådets representant i kyrkjeleg fellesråd om arbeidet der. Neste år er det planer om at kyrkja skal få eit målingsstrøk, så da er det vel meir dugnad i vente.

Dåpskjolen kom fram i dagen igjen – Peder Kvendset og Ragnar Ness var dei to første som vart døyp i den i 1966 – Camilla Isfeldt den siste så langt den 6. mai 2001. Foto Jon Olav Ørsal

Elles er det planer om markering av at det er 80 år sia freden etter 2. verdskrig. Dette skal markerast ved nedlegging av krans på bautaen framfor kyrkja. Nedafor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå dugnaden – alle foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 29. april 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 28. april 2025, 22:12