Laurdag feira Matkroken Todalen den lokale handledagen med bra oppslutning både frå bygdefolket og andre som stakk innom på ein handlerunde for å støtte nærbutikken. Matkroken hadde invitert til gratis traktering med både marsipankake og graut og bakels til kaffen i Kaffekroken denne dagen. Mange tok seg tid til ein kaffepause og praten gjekk livleg i kaffekroken utover dagen.

Nystekte bakels slår aldri feil. Eivind Grønmyr hadde koka smørgraut til toppkarakter – prima vare! Foto Jon Olav Ørsal
Den lokale handledagen er nærast varemerket til Merkurbutikkane som er utkantbutikkar som samarbeider i Merkurprogrammet, og på landsbasis er det 571 butikkar som deltek i dette opplegget. I dette programmet kan butikkane støtte seg på fagfolk på butikkdrift, og dei kan sågar søke om støtte til investeringar som elles ville vore vanskeleg å få til. Her i kommunen er det butikken i Todalen, Bæverfjord og i Bøfjorden som fyller krava for å bli med i Merkurprogrammet.
Merkur-butikkane er viktige for sine lokalsamfunn fordi dei er det einaste butikk-tilbodet i bygda, og alternativet er å reise langt for å få tak i varer og tenester som butikken tilbyr – for eksempel drivstoff. Ein kan seie at den lokale handledagen er ein dag for ettertanke.