Nesten 50 kvinner i alle aldrar frå fleire plassar i kommunen tok turen til Todalen sanitetsforening sin Kvinnehelsekveld måndag kveld. Her vart det blant anna servert eit interessant foredrag av lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad. Kari er opprinneleg surnadaling, sanitetskvinne og utruleg engasjert i kvinnehelse. Da særskilt den som omhandler svangerskap og barsel.
Maren Ansnes innleia kvelden med å rette fokuset på nettopp sanitetskvinnenes rolle på forskning på kvinnehelse. -Per i dag forvaltar NKS over 20 millionar årleg fordelt på 40 forskarar som kun forskar på kvinnehelse. Og da gjerne på områder som ingen andre har forska på tidlegare, er tabubelagte og som mange i samfunnet vårt har store problemer med. Til dømes ulike underlivssykdommar som er knytta opp i mot det kvinnelege kjønn.
-Er så denne kvinnehelsa noko å mase med? Ja, det er nok det, både med tanke på likestilling, ulikheiter, forskning, prevensjon og fødsels- og barselomsorg, fortalte Kari. Og som nemt; barselomsorga engasjerer henne. -Den norske barselomsorga er skamfull. Helsevesenet byggjast ned, og kommunane blir pålagt oppgåver dei ikke har kapasitet til. Maks tre dagar på sykehus for ei usikker førstegongsfødande er ikkje bra i det heile tatt, meiner ho.
Kari meinte også å sjå at med ei endring i samfunnet så er vi vorte veldig opptekne av mat, helse og det å sjå bra ut. På godt og vondt. Til dømes er det på landsbasis kun 2% av befolkninga som har påvist glutenallergi. Kor mange som velger å ikkje ete matvarer med gluten er nok mangedobla denne prosenten. Og for eit barn eller ungdom i vekst er det ingen grunn til slutte å ete gluten berre fordi gluten kan være årsaken til eit av våre nye folkehelseproblem; magetrøbbel.
Ellers kunne ho fortelje at ho som fastlege brukar mykje av tida si på å korrigere feilinformering i ulike sosiale kanalar. -Det er dessverre ei stor utfordring med bodskapen i ulike bloggar som veldig mange unge blir påverka av. Eg brukar mykje av tida mi til å få unge kvinner inn på rett spor igjen.
-Vi må derfor bli mykje betre til å gi litt meire blaffen, oppfordrar ei engasjert Kari. – Slepp ut magen og pust! Det er sunt, stressreduserande og gir oss heilt klart betre helse.
Etter ein velsmakende tacobuffet i pausen tok ho for seg komplikasjonar og plager som kjem med alderen i økt to. -Plager som det er rå å få hjelp med, om ein berre tek kontakt med sin fastlege, oppfordra ho.
Maren håpa at dei frammøtte fekk valuta for kvelden dei hadde sett saman. -Vi ønsker oss fleire medlemmar med på laget, og håpar at dette kan bidra til rekruttering til foreninga vår! Vi treng nye på laget for å vidareføre jobben vi brenn for her i bygda, og oppfordra dei som ikke var medlemmar til å melde seg inn.