På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag, før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.
Todalen Idrettslag hadde invitert til adventsmiddag i ungdomshuset med start rett etter lysmessa i kyrkja. Godt og vil 40 personar kom for å kjøpe seg elghakkmiddag med trollkrem til dessert. Det vart også servert kaffe og saft.
Tilbekemeldingane på både maten og desserten var udelt positive, så kokkegjengen, med leiari i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme i spissen, har all grunn til å vere nøgde! I matkomiteen hadde Elinor med seg Ragnhild A. Moe, Markus Bolme og Turid S. Todalshaug.
– Eg er godt nøgd med oppmøtet til dagens adventsmiddag, konstaterer ei nøgd Elinor. – Når tilbekemeldingane på maten og desserten er så gode, er det artig å servere middag og dessert, legg ho til.
Omtrent rett etter adventsmiddagen var det klart for tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø. Sjølv om gradestokken viste tosifra med blåe grader, så var det mange som tok turen for å vere med på tenninga av julegata. Etter tenninga vart det delt ut nissepakkar til alle ungane.