Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra loddsal og stor vinnarglede på husbasaren

Jon Olav Ørsal Sundag 13. april 2025

Søndag kveld var det husbasar i Ungdomshuset, og der var det stort oppmøte og god basarstemning.  Det er artig å arrangere basar igjen når det er så bra oppmøte, sa komiteleiar Bjørn Gunnar Ansnes.  Det har og vore bra loddsal på førehandssalet, og totalt kom loddsalet opp mot 25.000.  I tillegg kjem åresal og sal av kaffe og bakels, så vi er godt nøgde med resaultatet, sa Ansnes.

Det er artig å arrangerre basar igjen når oppmøtet er så bra, sa Bjørn Gunnar. Foto Jon Olav Ørsal

Det var eit tjuetal gevinstar på basaren, og basaren vart fort og effektivt unnagjort i tidsrommet 18 – 20.  Skannerpatrulja, Ingri og Ragnhild,  viste lysbilde frå historia til Todalen ungdomshus. Ungdomshuset vart nemleg bygd i året 1900, og kan dermed feire 125-årsjubileum i år. 

Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset viste historiske bilder av undomshuset som i år er 125 år. Foto Jon Olav Ørsal

Trekningslista frå basaren er lagt ut nedafor – basarkomiteen vil sølrge for utlevering av gevinstane til dei heldig vinnarane. 

Trekningsprotokoll frå Husbasaren – foto BGA

Publisert: 13. april 2025, 20:39