Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra laksebett dei siste dagane

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juli 2024

Frå starten av fisket 1. juni og fram til i dag er det teke 19 fiskar i Toåa, viser laksebørsen på Elveguiden.no.   Det var dårleg i starten, men etter kvart teke seg opp den siste tida.  Laksebørsen fortel at det er teke 12 laksar, 6 sjøaure og 1 brunaure.  Det er 1 storlaks på 8,6 kg, og snittvekta for laks er 3,5 kg, medan snittet for sjøaure er 2,7 kg.  Alle sammen er sette ut igjen, og får dermed ein ny sjangse i livet.

Laksen «Ethelbert» som «står på stake» ved Brusetbrua. Foto Jon Olav Ørsal

Statistikken viser at det av 19 laks og aure, så er det 18 som er tekne på flue og 1 som er teken på sluk. Som kjent så er det ikkje lenger lov å fiske med mark etter at regelverket vart oppjustert.  Vannføringa i Toåa er torsdag føremiddag på knappe 8 m3/sek ved målestasjonen i Storfossen.  Regnvêret i går kveld og i natt har nok gjort godt  – i går var vassføringa heilt nede på mellom 3 og 4 m3/sek.  Dermed er det fin vassføring for fluefiske slik som elva er i dag. 

Statistikken viser også at det er Båthølen (2), Rauåhølen (3) og Steinutgarden (3) som kan vise til beste resultat så langt i sesongen, medan det er Brusethølen venstre (5,6 kg), Skjorahølen venstre (5,9 kg) og Steinutgarden venstre (8,6 kg) som kan vise til dei største laksane.  Dei 19 fiskane har ei totalvekt på 60,4 kg.  Statistikken viser og at det er fiskarar frå Todalshytta som har teke 12 av dei 19 fiskane, og Evensen kan rapportere at det er god stemning blant fiskarane på Todalshytta. 

Publisert: 18. juli 2024, 09:27