Det vart ein bra start på hjortjakta for Talgø jaktlag denne helga. Fredag vart det 4 dyr i i Gammelseterdalen – 2 koller og 2 kalver. Søndag vart det kronhjort på jaginga frå Hardholten og innover til sommarfjøset på Kårvatn.
Dei fire hjortane som vart felt på storslåa i gammeldseterdalen vart ein stri tørn for jaktlaget, med feltslaktig og bæring fram til veg. Dagens fangst vart imidlertid køyrt fram med elgtrak og slakta på Talgø Gard – den store kronhjorten var 150 kg med fottreet – eit flott slakt.
Vi veit ikkje om det er jakta på hjort andre plassar i bygda denne helga, men etter kvart som jakta kjem i gang for alvor vil vi sette pris på at vi får gode jaktbilder som vi kan legge ut på Todalen.no. Det treng slett ikkje være trofebilder, men kan være bilder rundt bålet, utsiktbilder eller generelt fine bilder frå trivelege jaktturar.