Laurdag var ein ny god dag for dei to som deltek i YWC i Val Louron i Frankrike. Malin Indergård frå Romsdal RK var framme og lukta på pallplassen i klasse U18W, men ved målgang vart det 4.-plass av dei 22 starta i hennar klasse. Erik held framleis forma innafor «top 10» og kom i dag på 8.-plass i individuell – ved passering av mellomstasjonen låg han an til 10.-plass, men hadde ein god innspurt og kom altså inn til 8.-plass av 41 startande.
Begge har nok god grunn til å være nøgde med plasseringa – Malin var 34,5 sekund etter italienske Melissa Bertolina som vann klassen og kom altså på 4.-plass. Erik Kårvatn hamna til slutt på 8.-plass med tida 29:32,3 og var 1:22,7 etter vinnaren Loic Dubois frå Sveits.
Søndag er siste dag med løp i den franske fjellandsbyen Val Louron, og da blir det nok godt å snu nasen heimover til påskeferie for sesongavsluting i Tromsø Arctic Skimo 2023 som startar rett etter påske – 11. – 15. april.