Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bra deltaking på årsmøtet

Bra deltaking på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2011

Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen.no i ungdomshuset. Dette var det første ordinære årsmøtet i laget, og nærare 20 frammøtte representantar for lag og foreningar i bygda møtte opp. Årsmøteskane var fort unnagjort og første driftsår kom laget ut med eit bra resultat, da kostnadane har vor halde i sjakk gjennom eit nøkternt forbruk av ressurser, og mykje av arbeidet har vore dugnadsinnsats.

At over 30 lag, organisasjonar og bedrifter, dei fleste i Todalen, har tegna medlemskap seier nok mykje om oppslutninga som prosjektet har i bygda. Over 18.000 besøk på nettsida på ein månad er nok eit godt bevis på at dette er noko folk sett pris på. I januar var det godt over 3500 unike besøkende med tilsaman 38.000 sidevisninger.

Vi i redaksjonen har fått mange tilbakemeldingar i den tida vi har halde på. Det sett vi stor pris på, og er med og gir oss krefter til å halde på med dette arbeidet. Vi sett pris på både ros og ris, for det hjelper oss med å utvikle oss vidare og lage ei betre nettside. Fortsett med det!

Vi i redakjonen vil og nytte høvet til å gi ros til alle som har sendt oss bilde og stoff, eller tipsa oss om ting og tang gjennom året. Det har vore til stor hjelp for oss og vore avgjerande for å få stor bredde på stoffet på nettsida, og vi håpar at enda fleire kan yte bidrag på denne måten.

På årsmøtet vart det gjort små endringar i styresamasetninga som no ser slik ut:
 – Styreledar: Sondre Halset
 – Nestledar: Jo Gjeldnes
 – Styremedlemar: Mari Redalen, Elinor Bolme, Jon Olav Ørsal og Ole Petter Talgø

Medlemskontingenten er uendra i 2011. Det vil seie minimumssatsar på kr 1000 for lag og organisasjonar og kr 2000 for komersielle medlemar og bedrifter. Nytt i 2011 er at det er opna for personlege medlemar i Todalen.no. Her er medlemskontingenten sett til kr 100. Det vil bli laga ein snarveg på nettsida for å teikne medlemskap på ein enkel måte.

Ole Petter Talgø hadde lage ein kavalkade om Todalen.no, frå starten og fram til i dag. (Du kan laste ned selve presentasjonen her.) Mellom anna viste han statistikk og orienterte om utviklinga av nettsida heilt frå starten i august 2009. I denne preoiden har det vore lagt ut nær 1600 saker på nettsida. Litt meir presist er dette rundt 3 saker pr dag i gjennomsnitt.  Du kan også lese om Todalen.no her.

Først publisert: 16. mars 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 27. februar 2012, 15:58