Det var bra med besøk på førsjulsmessa i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Dei hadde ope frå kl 12 og utover ettermiddagen, og hadde litt av kvart av ting og tang å by på, i tilleg til kaffeservering og sosialt samvær. Her var det nissar i mange variantar, strikketøy, lefse og mølsgraut, kjøkkenutstyr frå Tuppervare, prospektkort og bilder, samt karameller, drops, hekletøy, golvmatter, reingjeringsutstyr og kosmetikk.
Det var Torunn Nordvik, Wenche Kvendset, Solvår L. Øyen, Kristine Saksen, Elinor Bolme, Ingrid Pedersen og Magny Kjølstad som hadde rigga seg til i Sanitetshuset for å vise fram julevvarene dei hadde produsert med tanke på julemessa.
Til neste helg er det julemesse på Nordvik. Det skjer i Masstua i Nistua, og da blir det både fleire utstillarar og større vareutval. Der blir det også høve til fotografering av julekort, da Kristine etablerer fotostudio i stabburet.
Bilder frå julemessa i Sanitetshuset. Foto: Jon Olav Ørsal