I helga har det vore stor aktivitet i Svinviks arboret. Både laurdag og søndag har det i samarbeid med Møre og Romsdal hagelag vore både omvisning, plantesalg og foredrag. Svinviks arboret er kjent for sin samling av fleire hundre variantar av rododendron, og sjølv om det er ekstra sein vår i år, så er rododendron no på veg mot full blomstring.
I helga har det vært 4 foredrag. Theo Ruissen frå Bioforsk på Tingvoll har snakka om Lyng og Tulipanar, medan Mari Marstein har heldt foredrag om «Oldemors pion og sånne gule liljer» og Kjell Ivar Flatberg har teke for seg primula. Har har vore med og bygd opp primulahagen ved Ringve.
Nedafor finn du eit bildegalleri fra Svinviks arboret på søndag. Alle foto: Jon Olav Ørsal