Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bra avlingar i andreslåtten

Bra avlingar i andreslåtten

Jon Olav Ørsal Måndag 9. august 2010

Både Ståle Ansnes ved Todalen samdrift og Gudmund K. Kvendset i Viastua er godt nøgd med avlinga i andreslåtten, som no er i full gang. Graset har kome for fullt dei siste dagane, og for å nytte det godværet har slåttaarbeidet pågått heile helga og fortsett denne veka. Todalen.no tok ein runde kveldsrunde rundt bygda for å sjå på aktiviteten.

Ståle Ansnes fortel at Todalen samdrift skal slå ca 500 mål før dei er ferdige, og han reknar med at det blir to fulle siloar, og at dei må pakke ein god del siloballer før dei er ferdige. Han reknar med at dei treng 5 lange dagar for å få alt graset i hus.

Gudmund K. Kvendset var hadde det travelt med å pakke grasballar, samtidig som han fulgte med trugande tordenskyer rundt Storfjellet i retning Kårvatn. Viktig for kvaliteten å få pakka ferdig før det kom for mykje regn i graset.

Nedanfor har vi laga eit lite fotogalleri frå slåttateigja.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. august 2010, 21:00