Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bra aktivitet i Todalen Historielag

Bra aktivitet i Todalen Historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mars 2012

Historielaget gjorde fort unna årsmøtet søndag ettermiddag. Det var ingen brennbare saker,  og årsmelding, rekneskap og val gikk unna i ein fei. Årsmeldinga gjenspeila at det hadde vore stor aktivitet i laget, som hadde laga både årsskrift for laget og jubileumsskrift for Todalen kyrkje. I tillegg hadde dei arrangert museumsdag, historisk vandring på Todaløra og arbeid med den nye bygdeboka som dei vikigaste sakene. Rekneskapen gikk akkurat i balans for 2011, men laget har ein god og sunn økonomi, konkluderte John Moe som var møteledar.

Og styret fikk fornya tillit. Maren Ansnes fortsetter som ledar for laget, medan John Moe og Sven Olav Svinvik tok attval som styremedlemar for 2 år. I tillegg er Wenche Kvendset og Svein Åge Saksen medlemar i styret, men var ikkje på val i år. Varamedlemar til styret vart Sidsel Kalseth Heimlund (attval) og Marit Sanden Søyset (ny). Revisorar vart Liv Ingrid Husby og Anders Talgø (attval), og valkomite Ola Bruset (attval og Kristian Gjeldnes (ny), alle for 1 år.

På dagorden stod også forslag til nye vedtakter for laget. Laget skal no registrerast i Frivilligregistret, og må derfor ha vedtekter som Brønnøysundregistret kan godkjenne. Forslaget til nye vedtekter vart einstemmig godkjent.  Kontingenten for 2012 blir også uendra, der det kostar 200 for enkeltmedlem med årsskrift inkludert og 250 for familiemedlemskap med eit årsskrift. Etter måtet ble det prata litt om aktiviteten vidare, og ein av programpostane i sommar blir historisk vandring i Brusetmarka med Finn Talgø som kjentmann.

Etter ein pause med servering av «nonsmat» var det klart for lysbildeforedrag og film. Det var Svein Åge Saksen som kåserte om temaet «Industrihistoriske utviklingstrekk i Norge frå 1500 – 2000». Han tok for seg utviklinga som har vore skogindustrien og bruken av vatn som energikjelde. Han viste også film frå kvennhus- og sagbruksdrift i Storlidalen på Oppdal og frå Brøste og Stueflåtten i Lesja, samt bruk av vasshjul til mølledrift i Napa Valley i California.

Publisert: 12. mars 2012, 10:00