Torsdag føremiddag gjekk vi oss «midt oppi det» på Hageland Surnadal. Midt i butikken var Ann Kristin i full gang med oppvarming av gjengen på Hageland. Her var det tydeleg at stive skuldrar- og nakkar skulle løysast opp, og det midt på golvet på arbeidsplassen og midt i arbeidstida.
Ann Kristin N. Bruset, som er dagleg leiar på Atleta treningsstudio på Skei, fortel at dei har eit tilbod der instruktøren møter opp på arbeidsplassen for å ha ein gymnastikktime med kyndig rådgjeving – eller at tilsette kan nytte seg av treningsfasilitetane på senteret.
Hageland og fleire andre bedrifter i Surnadal som nyttar seg av dette tilbodet, som skal gje tilsette betre arbeidskvalitet og trivsel på arbeidsplassen….